Durmitor

From Wikipedia, the free encyclopedia

Durmitor
Remove ads

Durmitor ei fjellkjede i Montenegro med ei høgd på 2 522 meter over havet på det høgaste.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Remove ads

Namn

Namnet Durmitor kjem truleg frå austromanske og tyder «sovande». Slektande namn er namnet på fjellet Visitor, som tyder «drøymande».[1]

Nasjonalpark

Durmitor nasjonapark vart oppretta i 1952 og inkluderer Durmitor-massivet, ravinane Tara, Sušica og Draga og dei høgare delane av platået Komarnica, og dekkjer eit areal på 390 km².

I 1980 vart parken skrive inn på UNESCO si verdsarvliste.

Ein del av nasjonalparken omfattar Tararavinen, ei 80 km lang og 1 300 meter djup kløft, som er den nest største i verda etter Grand Canyon i Arizona.

Remove ads

Turisme

Durmitor er senteret for montenegrinsk fjellturisme. Dei fleste turistfasilitetane ligg rundt byen Žabljak.

Om vinteren er hovudaktiviteten på Durmitor skisport og snøbrett. Om sommaren er det fjellklatring og fotturisme. Ein av dei største attraksjonane i Durmitor er dei 18 bresjøane, der Crno er den mest kjende.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads