Dverglire
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dverglire (Puffinus assimilis) er ein liten sjøfugl i stormfuglfamilien, Procellariidae. Denne lira lever pelagisk på den sørlege halvkula sør for den sørlege vendesirkelen.
Remove ads
Skildring
Dverglira har den typiske flukta for lirer, tipper frå side til side med stive venger, og få vengeslag, men i svak vind vil dei ha meir flagrande flygeteknikk enn dei større lireartane. Fuglen dannar omriss av eit kross i flukt når dei held dei lange vengene rett ut frå kroppen, og vekslar mellom mørkt og lyst frå den svarte oversida og kvite undersida. Til havs opptrer dei einslege, eller i små flokkar og dei beitar sjeldan saman med andre sjøfuglar. Kroppslengda er 30 cm og massen 130 gram,[1] vengespennet 58-67 cm, som ei lita havlire, men har proporsjonalt kortare og breiare venger, med eit bleikt område på indre flygefjører. Nebbet er slankare enn på havlira, og dei mørke auga skil seg ut mot det lyse omkringliggande området.
Dverglira hekkar i koloniar på øyar og kystnære klipper, har reirplass i hòler som dei berre vitjar om natta for å unngå predasjon. Hekketida er normalt i den australske vinteren og våren.[1]
Remove ads
Taksonomi
Underartar av dverglire etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011.[2]
Puffinus assimilis
- Puffinus assimilis assimilis, Norfolkøya og Lord Howe-øya, aust for Australia
- Puffinus assimilis kermadecensis, Kermadec Islands, New Zealand - sørlege Stillehavet
- Puffinus assimilis haurakiensis, småøyar nordaust for Nordøya på New Zealand
- Puffinus assimilis elegans, Tristan da Cunha, Gough Island i Sør-Atlanteren og Chatham-øyane og Antipodes-øyane sør for New Zealand
- Puffinus assimilis tunneyi, øyar sørvest for Australia
Tidlegare var følgjande underartar rekna som ein del av taksonet, men blei tatt ut frå og med versjon 6.4, desember 2009:
- Puffinus assimilis baroli, no Puffinus baroli, engelsk: Barolo Shearwater, utbreiing ved Asorane, Desertasøyane, Selvagensøyane og Kanariøyane
- Puffinus assimilis boydi, no Puffinus boydi, Boyd's Shearwater, utbreiing ved Cape Verde
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads