Dvergplaneten Ceres
dvergplanet From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ceres (småplanetnemning 1 Ceres; symbol: [1]) er den minste dvergplaneten i solsystemet, og den einaste i asteroidebeltet. Ceres vart oppdaga 1. januar 1801 av Giuseppe Piazzi og er namngitt etter den romerske gudinna for veksande planter, innhausting og morskjærleik. Romsonden Dawn gjekk inn i bane kring Ceres 6. mars 2015.
Ceres er med sine 950 km i diameter den desidert største og mest massive lekamen i asteroidebeltet og utgjer omtrent ein tredjedel av den totale massen i regionen. Ceres har ei sfærisk form i motsetning til dei fleste lekamar med svakare tyngdekraft.
Ceres vart fyrst klassifisert som ein planet, deretter som ein asteroide. 24. august 2006 vedtok IAU nye klassifiseringar av lekamar i solsystemet som medførte at Ceres vart klassifisert som ein dvergplanet.



Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads