Dvergspindalis

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Dvergspindalis
Remove ads

Dvergspindalis (Spindalis zena) er ein sporvefuglart i spindalisfamilien Spindalidae. Arten har utbreiing på Cuba, Isla de la Juventud, Bahamas, Caymanøyane med omkringliggjande småøyar. I tillegg finst han på Cozumeløya nær Yucatánhalvøya og streiffuglar kjem til søraustlegaste Florida.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Dvergspindalisar er ca. 15 cm lange og veg rundt 21 gram. Nebbet er kort og robust. Dei syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, hannen er veldig iaugefallande, hoer meir avdempa. Hannen er fargesterk med eit svart og kvitt horisontalt stripa hovud og kontrasterande brunne oransje hals, bryst og nakke. Resten av buken er lysegrå. Det er to fargevariantar: grøn rygg og svart rygg, sistnemnde på nordlege øyar som Bahamas. Hoa har liknande markeringar på hovudet, men utvaska til mellomgrått. Ho er olivengrå over og gråbrun under, med ein lett oransje fargetone på bryst, gump og skuldrer.

På Cuba er dvergspindalisar vanlege i alle provinsar. Dei kan treffast i utkantar av lauvskogar, spesielt fjellskogar i alle høgder. Dei lever også i opne skogar og kratt. Føda er små frukter og bær.

Hekketida er frå april til august. Reiret er «dårleg konstruert» og er festa på greiner av tre eller buskar. Kullet er på 2 eller 3 egg.

IUCN har vurdert arten dvergspindalis til å vere livskraftig.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Dvergspindalis


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads