Spindalis

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Spindalis
Remove ads

Spindalis er ei biologisk slekt av fire fugleartar som har hatt uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Dei er endemiske for Karibia, konsentrert om Dei store Antillane.

Kjappe fakta

Dette er fuglar med stor kjønnsdimorfisme i fjørdrakta: hannar er fargerike fuglar, kontrastrike svartkvite striper på hovudet og vengene, oransje til gul eller gulgrøn kropp. Hoer er langt meir avdempa grålege til olivengrøne og manglar svartkvitt mønster. Spindalisar er ca. 15 til 18 centimeter i kroppslengd.

Storleiken på populasjonane er ikkje kjent, men rekna som stabil, og dei er lista som livskraftige, LC, hos Birdlife International.[1]

Slekta var tidlegare rekna som medlem av tanagarfamilien, Thraupidae, men frå 2017 er sett inn i sin eigen familie Spindalidae.[2]

Remove ads

Artslista

Spindalis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Dvergspindalis, Spindalis zena, Western Spindalis, Linné, 1766, (LC)
  • Jamaicaspindalis, Spindalis nigricephala, Jamaican Spindalis, Jameson, 1835, (LC)
  • Hispaniolaspindalis, Spindalis dominicensis, Hispaniolan Spindalis, Bryant, 1866, (LC)
  • Puertoricospindalis, Spindalis portoricensis, Puerto Rican Spindalis, Bryant, 1866, (LC)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads