Dwarka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dwarka (av sanskrit dwar, 'port' og ka, 'Brahma'[1]) er ein gammal by i den indiske delstaten Gujarat, og ein viktig stad i hinduismen. Byen ligg på vestkysten av Okhamandal-halvøya, ved munningen av Gomtielva i Kutchvika. I 2011 hadde han eit folketal på 38 873.
Dwarka er eit av fire hinduiske valfartsmål kjend som tsjardham, og ein av Sapta Puri, sju viktige valfartsmål i India. Dwarka blir ofte identifisert med Dvārakā, riket som i mytologien blei styrt av Krisjna, og er rekna som den første hovudstaden til Gujarat.

Remove ads
Soge
Ifølgje soga skal guden Krisjna ha slått seg ned her etter at han nedkjempa og drap onkelen sin Kamsa i Mathura.[2] Han skal ha teke 12 yojana eller 96 km² land frå havet for å skapa Dwarka.[3]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads