Dylan Thomas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dylan Marlais Thomas (27. oktober 1914–9. november 1953) var ein walisisk forfattar som særleg er kjend for dikta sine, som «Do not go gentle into that good night» og «And death shall have no dominion». Han skreiv også essay, noveller, høyrespel og radioforteljingar som Under Milk Wood, Portrait of the Artist as a Young Dog og A Child's Christmas in Wales.
Remove ads
Remove ads
Liv
Thomas var fødd i Swansea som son av Florence Hannah (f. Williams; 1882–1958), som var sydame, David John Thomas (1876–1952), som var lærar. Thomas hadde ei åtte år eldre syster, Nancy Marles (1906–1953).[1] Ungane snakka berre engelsk, medan foreldra var tospråklege i engelsk og walisisk. David Thomas underviste i walisisk heime. Far til Thomas gav han namnet Dylan etter Dylan ail Don, ein person i det walisiske nasjonaleposet Mabinogion.[2] Mellomnamnet hans Marlais fekk han til ære for grandonkelen William Thomas, ein unitarisk prest og diktar med skaldenamnet Gwilym Marles.[1] Den walisiske uttalen av Dylan, er [ˈdəlan], men Thomas føretrekte den anglisert uttalen ˈdɪlən.[1][3] 1925 til 1931 var Thomas elev ved Swansea Grammar School for boys, der far hans var engelsklærar. Dette var den einaste formelle utdanninga hans.[4]
Remove ads
Bibliografi
(utval)
- Poesi
- 18 Poems (1934)
- Twenty-Five Poems (1936)
- The World I Breathe (1939)
- The Map of Love (1939)
- New Poems (1943)
- Deaths and Entrances (1946)
- In Country Sleep, And Other Poems (1952)
- Collected Poems (1952)
- Prosa
- Notebooks (1934)
- The Portrait of the Artist as a Young Dog (1940)
- A Child’s Christmas in Wales (1954)
- Adventures in the Skin Trade, and Other Stories (1955)
- Collected Prose (1969)
- Drama
- Under Milk Wood (1954)
Remove ads
Prisar og utmerkingar
- 1953: Foyle Poetry Prize for Collected Poems 1934–1952[5][6]
- 1953: Etna-Taormina-prisen (posthumt)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads