Dyrøy kommune

kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Dyrøy kommunemap
Remove ads

69°05′30″N 17°41′25″E

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Sjå òg Dyrøya

Dyrøy kommune (nordsamisk Divrráid suohkan) ligg i Troms fylke. Kommunen femner Dyrøya og ein del av fastlandet austom øya. Kommunen grensar til Sørreisa i nordaust, og Salangen i sør. Over Tranøyfjorden og Solbergfjorden i nordaust ligg Senja. Dei viktigaste næringsvegane har vore jordbruk og fiske, men begge delar har vore i tilbakegang dei siste åra. Folketalet har vore minkande i fleire tiår.

Det har vore brusamband frå Dyrøya til fastlandet sidan 1994 då Dyrøybrua vart opna. Av større stader på fastlandet er Brøstadbotn, Espenes og Kastnes.

Remove ads

Grunnkrinsar

Dyrøy kommune har berre eitt delområde. Det er delt inn i åtte grunnkrinsar (folketal 2008):

På fastlandet:

  • Moen (241)
  • Brøstad (505)
  • Bjørkebakk (139)
  • Hundstrand (90)
  • Kastnes (70)

Dyrøya:

  • Dyrøyhamn (59)
  • Merkesnes (79)
  • Espejord (44)

Utan oppgjeve bustad (5)

Historie

Dyrøy kommune vart oppretta 1. september 1886, då han vart skild ut frå Tranøy kommune. Kommunen hadde då 1281 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart den delen av Tranøy kommune som låg på fastlandet, overført til Dyrøy kommune. Etter dette hadde kommunen 2278 innbyggjarar.[1]

Utvikling i folketalet dei seinare åra

2000 2005 2008 2019
1337 1288 1232 1097

Folk frå Dyrøy

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads