Early On (1964–1966)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Early On (1964–1966) er eit samlealbum av David Bowie, gjeve ut i 1991. Det er kjend som det første og einaste forsøket på å samle alle songane Bowie spelte inn før han fekk kontrakt med Deram og omfattar utgjevingar for Vocallion, Parlophone og Pye. Spor tre og fire er alternativer versjonar av dei offisielle singlane, medan «Do Anything You Say» òg er ein annan miks enn den utgjevne singelen. Albumet inneheld òg fem songar som ikkje var gjevne ut før, henta frå samlinga til Shel Talmy. Talmy produserte den andre og tredje singelen til Bowie. Det kom òg ut ein kassettversjon, som ikkje inneheldt «Liza Jane», «Louie, Louie Go Home» og «Good Morning Girl».[1]
Remove ads
Bakgrunn
Bowie byrja platekarrieren sin som Davie Jones, ein variant av fødenamnet hans, David Robert Jones. Den første singelen hans (spor 1-2) vart spelt inn med The King Bees. B-sida vart òg gjeven ut av Paul Revere and the Raiders som «Louie, Go Home» i 1964.
Bowie byta til The Manish Boys for den andre singelen (spor 3-4). I februar 1965 byta han igjen til The Lower Third (spor 5-13). For den tredje singelen hadde han òg endra namn til Davy Jones. For å unngå forveksling med bandmedlemmet i The Monkees, kalla han seg David Bowie før den fjerde singelen hans kom ut.
Ein krangel om pengar enda forholdet hans med The Lower Third den 28. januar 1966. For den femte singelen (spor 14-15) slo han seg saman med The Buzz, som ikkje står oppført på utgjevinga. Bowie var misnøgd med konsertane med bandet, og dei vart erstatta av studiomusikarar på den sjette singelen hans (spor 16-17).
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av David Bowie, utanom «Liza Jane» av Leslie Conn, «Louie, Louie Go Home» av Mark Lindsay og Paul Revere, «I Pity the Fool» av Deadric Malone
Plateselskap: Vocalion Pop (spor 1-2); Parlophone (spor 3–4, 8-9); Pye Records (spor 12-17).
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads