I Pity the Fool
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I Pity the Fool» er ein song opphavleg gjeven ut av Bobby Bland i 1961 for Duke Records. Songen var tilskriven Deadric Malone, eit psevdonym for eigaren av Duke Records, Don Robey.[1] David Bowie spelte songen under namnet The Manish Boys i 1965, og denne vart gjeven ut som den andre singelen hans.
Remove ads
Bobby Bland-versjonen
Innspelinga vart gjort i Houston i 1060, truleg med Joe Scott og Melvin Jackson på trompetar, Pluma Davis på trombone, Robert Skinner og L.A. Hill på tenorsaksofon, Rayfield Devers på barytonsaksofon, Teddy Raynolds på piano, Wayne Bennett på gitar, Hamp Simmons på bass, John «Jabo» Starks på trommer og ein ukjende på fløyte, korvokal og strykarar.[2][3]
Bland var på denne tida på eit høgdepunkt i karrieren og hadde fem songar på rad inne på R&B-lista i USA. Songen «I Pity the Fool» vart ein av dei største hittane hans med førsteplass på R&B-lista og ein 48. plass på pop-lista.[4]
Remove ads
The Manish Boys (med David Bowie)-versjonen
Utgåva til The Manish Boys (på den tida med David Bowie) kom ut i 1965. Innspelinga var produsert av Shel Talmy, som òg produserte dei tidlege singlane og albuma til The Who og The Kinks. Jimmy Page var den faste studiomusikaren til Talmy og spelte gitarsoloen på «I Pity the Fool».
Under desse innspelingane gav Page eit gitarriff til Bowie, som han først ikkje visste kva han skulle gjere med. Bowie nytta seinare riffet i to forskjellige songar, først på «The Supermen» frå 1971 og seinare på «Dead Man Walking» i 1997.
B-sida, «Take My Tip», var den første songen skriven av David Bowie som vart gjeven ut på plate.[5]
Medverkande
- David Jones: Vokal, Alt sax
- Johny Flux: sologitar
- Jimmy Page: Gitarsolo
- John Watson: Bass
- Mick White (Micheal Whitehead): Trommer
- Bob Solly: orgel
- Wilf Byrne: Barytonsaksofon og munnspel
- Paul Rodriguez: Tenorsaksofon og trompet
Andre utgjevingar
- Begge sidene av singelen vart gjeven ut att på ny av EMI i Storbritannia i mars 1979 som eine sida av ein EP. På B-sida av EPen var songane «You've Got a Habit of Leaving» og «Baby Loves That Way». Denne versjonen vart igjen gjeven ut av See For Miles Records i Storbritannia i oktober 1982, og som ein 12"-biletdisk i juni 1985.
- Han finst òg på samleplata Early On (1964-1966) frå 1991. Både «I Pity the Fool» og «Take My Tip» finst med alternative vokalopptak som bonusspor på somme utgåver av Early On.
Remove ads
Andre versjonar
- The Paul Butterfield Blues Band på albumet The Resurrection of Pigboy Crabshaw (1967).
- Cyndi Lauper song songen på konsert i 1993 på The Jack Dee Show.
- Robert Cray spelte songen i samband med «Martin Scorsese Presents The Blues» i 2003.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads