Ebeltoft
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ebeltoft (tidl. Æbeltoft) ligg på Austjylland i Danmark og er hovudby på halvøya Mols. Byen er med 7 528 innbyggjarar (2013)[1] den største byen i Syddjurs kommune.
Filmhøjskolen eller The European Film College blei oppretta i 1993 med status som folkehøgskule.
Fleire gongar dagleg trafikkerer Mols-Linien overfarten til Sjællands Odde med snøggbåtar.
Byen er ein av Danmarks store turistdestinasjonar, mest på grunn av eit fargerikt butikk- og museumsliv (mellom anna Farvergården, Fregatten Jylland og Glasmuseet). I fellesferien blir innbyggjartalet mest dobla grunna massetilstrøyming av turistar. Det er òg mange badestrender i området.
Ebeltoft var tidlegare hovudby i Ebeltoft kommune, men høyrer sidan 2007 til Syddjurs kommune. Byen ligg administrativt under Region Midtjylland.
Remove ads
Kuriosa
Ebeltoft er den einaste austjyske byen med vestkyst.
Turistattraktioner
- Fregatten Jylland
- Ebeltoft Rådhus (1789)
- Glasmuseet Ebeltoft
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads