Ed Reavy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ed Reavy (1897–1988)[1] var ein irsk-amerikansk musikar og komponist av mange tradisjonelle irske dansemelodiar.
Liv og virke
Ed Reavy var fødd i Barnagrove (aka Barnagrow, Barnagrows eller Barr na gCnó) i Knappagh i County Cavan.[2] I 1912 emigrerte han til Philadelphia i USA, der han slo seg ned i den irsk-amerikanske enklaven Corktown (no ein del av Powelton Village). Bortsett frå to besøk til fødelandet, budde han i Philadelphia resten av livet.
Reavy var ein felespelar, og gjorde innspelingar for plateselskapet Victor i 1927. Desse omfatta ito reelar («The Boys of the Lough» og «Tom Clark's Fancy») og to hornpiper («The Donegal» og «The Cliff»). Meir enn hundre av komposisjonane hans er gjeven ut, og sønene hans har estimert at det kan finnast meir enn fem hundre i alt.[3]
Den mest kjende melodien hans er kanskje «The Hunter's House».[4]
Komposisjonane og spelestilen hans på kom tilbake til Irland og fekk stor innverknad på utviklinga av den moderne irske tradisjonsmusikken.[5]
Reavy var president for Irish Musicians' Association of America.
I 2000 fekk han den posthume tittelen «Composer of the Century» av ein irsk-amerikansk organisasjon.[6]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads