Eduarda Amorim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eduarda Amorim
Remove ads

Eduarda Idalina Amorim Taleska (fødd 23. september 1986) er ein brasiliansk handballspelar frå Blumenau i Santa Catarina-delstaten, som vart verdsmeister med Brasil i 2013. Sidan 2009 har ho vore venstre rykkromspelar i den ungarske klubben Győr. Amorim vart kåra til verdas beste kvinnelege handballspelar 2014 av Det internasjonale handballforbundet (IHF).

Thumb
Amorim i Győr-rdakt

Amorim spelte på lag i heimlandet til 2006. I februar 2006 byrja ho spele på Kometal Skopje i Makedonia. Då Kometal var i ferd med å gå konkurs vinteren 2009, vart Amorim og fleire andre spelarar løyst frå kontraktane. Sidan den gongen har ho vore aktiv i Győr og vunne tre meisterligapokalar med det ungarske laget, høvesvis 2013, 2014 og 2017.

I åra frå 2007 til 2017 har Amorim delteke i fem verdsmeisterskap og alle tre sommarleikane i perioden. Ho var sentral då Brasil vann verdmeisterskapen 2013 etter finalesiger 23-22 mot vertslandet Serbia. I den meisterskapen vart ho også kåra til den beste spelaren i meisterskapen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads