Edward Said
amerikansk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Edward William Said (1. november 1935–25. september 2003) var ein palestinsk-amerikansk litteraturhistorikar. Han var professor i engelsk og samanlikande litteratur ved Columbia University. Innan akademia er han kjend som ein av grunnleggarane av post-kolonialistisk tenking, og omdefinerte omgrepet «orientalisme».[1] Ved sida av det akademiske arbeidet sitt er Said særs kjend som ein sterk forkjempar for ein palestinsk stat.[2]
Remove ads
Liv og virke
Said var fødd i Jerusalem i Palestinamandatet og voks opp i Kairo i Egypt. Han flytta til USA der han budde mesteparten av livet sitt som amerikansk statsborgar.
Han gjekk ut frå Princeton University i 1957 og tok doktorgrad i engelsk litteratur ved Harvard University i 1964.[2] Dei viktigaste påverknadane hans var Antonio Gramsci, Frantz Fanon, Aimé Césaire, Michel Foucault og Theodor W. Adorno.[3]
Han underviste i 40 år ved Columbia University i New York der han blei professor i 1977.[4] Said kjempa lenge for palestinarane og kritiserte stadig Israels okkupasjon av de palestinske områda. Han var medlem av det palestinske eksilparlamentet i 14 år til han valde å trekkje seg attende i 1993.[5][6] Said var òg kritisk til Yassir Arafat og dei kompromissa han hadde vore med på gjennom Osloavtalen.
Said døydd 67 år gammal i New York etter ein tolv år lang kamp mot kronisk lymfatisk leukemi.[5] Han etterlet seg kona si Mariam C. Said,[7] sonen Wadie Said og dottera Najla Said.[8][9][10] Said er gravlagd i Protestant Cemetery i Broumana i Jabal Lubnan i Libanon.[11][12][13]
Musikk
Edward Said var også ein dyktig pianist, verka som musikkritikar for The Nation, og skreiv fire bøker om musikk: Musical Elaborations (1991); Parallels and Paradoxes: Explorations in Music and Society (2002), with Daniel Barenboim as co-author; On Late Style: Music and Literature Against the Grain (2006) og Music at the Limits (2007).[14][15]
I 1999 grunnla Said og Daniel Barenboim West-Eastern Divan Orchestra, sett saman av unge israelske, palestinske og arabiske musikarar. Dei grunnla også The Barenboim–Said Foundation i Sevilla for å utvikla utdanning gjennom musikk-prosjekt..[16]
Remove ads
Prisar og utmerkingar
I tillegg til ærestilvisingar, medlemskap og gjesteroller ved ulike organisasjonar over heile verda blei Edward Said tildelt eit tjuetals æresgrader gjennom karrieren sin.[17] Nokre av utmerkingane hans var:
- Bowdoin Prize frå Harvard University.
- Lionel Trilling Book Award to gonger, fyrst ved den fyrste utdelinga av prisen i 1976 for Beginnings: Intention and Method (1974).
- Wellek Prize of the American Comparative Literature Association
- Den fyrste Spinoza Lens-prisen.[18]
- Lannan Literary Award for Lifetime Achievement i 2001
- Fyrstinnen av Asturias-prisen for Concord i 2002 (delt med Daniel Barenboim).
- Sultan Owais-prisen (for kulturelle & vitskaplege vinstar, 1996–1997), som fyrste amerikanske statsborgar.[19]
- Sjølvbiografien Out of Place (1999)[20] blei tildelt tre prisar, New Yorker sin Book Award for Non-Fiction 1999; Anisfield-Wolf Book Award for Non-Fiction 2000 og Morton Dauwen Zabel Award in Literature.[17]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
