Edward Snowden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Edward Snowden
Remove ads

Edward Joseph Snowden (fødd 21. juni 1983) er ein tidlegare tilsett ved CIA som i juni 2013 gav hemmelegstempla informasjon om USA sitt spionprogram Prism til The Washington Post og The Guardian. Dokumentasjonen som han gav til avisene synte at USA driv omfattande spionasje ved å avlytta Internett-trafikk og at fleire store føretak i USA har vore pressa til å gi frå seg opplysningar om kundar[1]. Den 21. juni 2013 vart han skulda for brot på spionparagrafen av 1917 i USA, men han greidde å rømme til Moskva før han vart arrestert.

Kjappe fakta
Remove ads

Asyl i Russland

Snowden vart etter ca. ein månads ophold i transithallen i Moskva-Sjeremetevo Internasjonale Lufthavn tildelt eitt års mellombels asyl i Russland[2], som han, då denne perioden tok ende, fekk forlenga i 3 år.[3][4]

Sidan Snowden fekk asyl i Russland har han av amerikanske politikarar vorte anklaga for å vere russisk spion, noko som FBI ikkje har lukkast bevise[5]. Snowden forklarte i eit intervju med "Norddeutscher Rundfunk" i januar 2014 at dersom han skulle venda attende til USA, ville han verta utsett for ein skinnrettargang, og at ei rekkje amerikanske tenestemenn har uttrykt ynskje om å sjå honom død[6][7]. Snowden lever framleis (2018) i Moskva, betaler husleige og andre utgifter ved å halda foredrag og intervju.[8]

Remove ads

Prisar

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads