Egmont nasjonalpark

From Wikipedia, the free encyclopedia

Egmont nasjonalpark
Remove ads

Egmont National Park er ein nasjonalpark sør for New Plymouth, nær vestkysten på NordøyaNew Zealand. Han har fått namn etter fjellet som dominerer i parken, og som sjølv vart namngjeve av kaptein James Cook etter John Perceval, 2. jarlen av Egmont og First Lord of the Admiralty, som støtta den første reisa til Cook. Taranaki har vore māorinamnet på fjellet i mange hundre år, og fjellet har no to offisielle namn, Mount Taranaki og Mount Egmont.

Kjappe fakta Land, Region ...

Parken, som vart oppretta i 1900, er dominert av den sovande vulkanen Mount Taranaki.[1] Årleg får parken ei stor mengde nedbør som for det meste er orografisk av natur etter som vestavindane som kjem inn over landet frå Tasmanhavet støyter mot Mount Taranaki og dei nærliggjande høgdedraga Pouakai og Kaitake ranges og vert tvinga til å stiga. Sidan området har ei stor årleg nedbørsmengd og eit mildt kystklima, er det ein frodig regnskog som kler foten av fjellet - denne skogen er nasjonalt viktig, etter som han er kjenneteikna av totalt fråvær av sørbøketre (slekta Nothofagus).

Remove ads

Økologi

Skogen er er rik på treslaga Northern rātā og Rimu, i tillegg til dekkfrøplantar, sjølv om økosystemet i heile parken viser tydelege spor av vegetativ soneseparasjon - dei nemnde to store treslaga er vanlege i dei lågare høgdene, medan Kamahi søkjer å dominera i den høgareliggjande småskogen. I desse urskogane er kronebregne, Blechnum discolor, dominerande mellom artene i underskogen.[2]

Thumb
Satellittbilete av Mount Taranaki frå NASA-Johnson Space Center som viser den tilnærma sirkulære Egmont National Park som omkransar fjellet.
Thumb
Satellittbilete av Egmont National Park.
Foto: NASA

Karakteren av plantesamfunna held fram med å endra seg med stigande høgde, til subalpine og alpine buskvekstar høgast oppe. Dette står i sterk kontrast til det omliggjande oppdyrka beite- og jordbrukslandet. Eit særskilt geomorfologisk kjenneteikn i denne parken er det radiale dreneringsmønsteret, som er tydeleg på satellittbiletet nede til høgre.

Ahukawakawa swamp er eit sjeldant, høgtliggjande (920 m) våtmarksområde med torvmosar (Sphagnum) som ligg mellom Mount Taranaki og Pouakai range. Det inneheld mange endemiske artar som er tilpassa sur jord og låge temperaturar.[3]

Remove ads

Sjå òg

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads