Eileach an Naoimh
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eileach an Naoimh, òg kjend som Holy Isle,[1] er ei busetnadslaus øy i Indre Hebridane på vestkysten av Skottland. Ho er den sørlegaste av øyane i Garvellachs og ligg i Firth of Lorne mellom Mull og Argyll. Namnet er skotsk-gælisk for «den steinete staden til helgenen».[2]
Rundt år 542 grunnla St. Brendan eit kloster på Eilach, som ein trur er denne øya. Dette kan bety at dei eldste restane av eit kyrkjebygg i Storbritannia ligg her, sjølv om dei første skriftlege kjeldene som nemner kyrkjar er frå seint på 800-talet. Ein trur at Columba har vitja øya. Eileach an Naoimh kan ha vore gravstaden til mor til Columba, Eithne.[3][4]

Klosteret vart øydelagd, eller i det minste plyndra, av vikingane frå rundt år 800. Øya har truleg berre vore busett periodevis etter dette.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads