Ein Bokek
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein Bokek (hebraisk skrift עין בוקק) er eit hotell- og ferieområde på den israelske sida av Daudehavet, nær Neve Zohar. Han høyrer til Tamar regionale kommune.
Ved Ein Bokek ligg ruinane av Metzad Bokek, ei lita romersk festning som vakta over hovudvegen her, og ruinane av ein gammal, delvis rekonstruert parfyme- og medisinfabrikk. Bokek-elva, som området er kalla opp etter, renn gjennom ei kløft i området.[1]
Zohar varmekjelder (hebraisk חמי זוהר, Hamei Zohar) ligg tre kilometer sør for Ein Bokek. Vatnet der er rikt på svovel og skal vere lækjande for muskelsmerter, leddsmerter og allergiar.[1]
Den lågastliggande minibanken i verda ligg i Ein Bokek, 421 meter under havnivå.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads