Ein Gev

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ein Gev
Remove ads

Ein Gev (hebraisk עֵין גֵּב) er ein kibbutz på austbreidda av Genesaretsjøen nord i Israel. Han høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2002 var folketalet i Ein Gev var 521.[1]

Kjappe fakta Land, Region ...

Kibbutzen ligg nær ruinane av den gresk-romerske busetnaden Hippos.

Remove ads

Historie

Thumb
Kai i Ein Gev kring 1947.

Kibbutzen Ein Gev vart grunnlagd 6. juli 1937 under arabararopprøret i Palestina i 1936–1939 som ei tårn og palisade-busetjing, slik mange kibbutzar oppstod i denne tida, og han vart raskt eit levedyktig samfunn. Dei første nybyggjarane var emigrantar frå Tsjekkoslovakia, Tyskland, Austerrike og Baltikum.[2] Dei brukte intensive oppdyrkingsmetodar og utvikla bananplantasjar. Dei fiska òg i Genesaretsjøen. I 1947 hadde Ein Gev hadde eit folketal på 450.[2]

Ein Gev låg like ved grensa til Syria og vart bomba under slaget i Kinarotdalen og i andre kampar under den arabisk-israelske krigen i 1948. Desse farane forsvann då Israel okkuperte Golanhøgdene i nærleiken under seksdagarskrigen i 1967.

Remove ads

Økonomi

Kibbutzen driv eit feriesenter og ein fiskerestaurant. Innan jordbruk vert det dyrka bananar og drive meieridrift og strutseavl. Kibbutzen bygde ein konserthall med 2 500 seter for å huse den årlege Ein Gev musikkfestivalen.[1]

Thumb
Teddy Kollek (andre frå høgre), med pionerane frå Ein Gev (1934–39)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads