Ein Mahil
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein Mahil (arabisk عين ماهل, hebraisk עֵין מָהִל) er ein arabisk lokal kommune i Nord distrikt i Israel, kring 5 km nord for Nasaret. Han fekk status som lokal kommune i 1964. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde han eit folketal på 10 800 i 2006, med ein vekstrate på 2,2%. Dei flete innbyggjarane i landsbyen er muslimar.
Remove ads
Historie
I 1596 var Ein Mahil oppført i osmanske skatteregister som ein del av Tabariyya nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 28 muslimske hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, frukttre, og geiter eller bikubar.[2]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitjein landsbyen i 1875, og skildra 10 fattige bustader, omgjeve av hagar av oliven, fiken og granateple.[3] I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som ein «Steinlandsby, høgtliggande, omgjeve av fiken og oliven og dyrkbar mark. Han var busett av kring 200 muslimar og ligg i nærleiken av nokre fine kjelder.»[4]
I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet, hadde 'Ain Mahel eit folketal på 516, alle muslimar.[5] Folketalet hadde auka i 1931 til 628, der éin var kristen og resten muslimar, i totalt 109 busette hus.[6]
I 1945 var folketalet 1 040, all arabarar, med 13 390 dekar land, i følgje ei offisiell måling.[7] Av dette var 1 486 dekar for plantasjar og irrigert land, 6 748 for korn,[8] medan 35 dekar var utbygd land.[9]
Remove ads
Sjå òg
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads