Einangsteinen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Einangsteinen
Remove ads

Einangsteinen er ein runestein frå 300-talet rista med den eldre futharken øvst i Gardbergfeltet i Vestre Slidre i Oppland fylke. Einangsteinen og Barmensteinen frå Selje i Nordfjord er dei eldste, norske runesteinane frå folkevandringstida som framleis står der dei vart reiste.

Thumb
Innskrifta på Einangsteinen
Thumb
Einangsteinen i Vestre Slidre

Steinen har fått namn etter den nærliggande garden Einang. Garbergfeltet er eit gravfelt frå jarnalderen, der det òg er funne ei stor mengd kulturminne frå seinare tidsaldrar.

Den allment aksepterte tolkinga av innskrifta vart lagt fram av Erik Moltke i 1938. Han gjekk ut frå at det mangla fire runeteikn før det første teiknet som i dag er igjen av innskrifta. Han las då teksten på steinen slik:

[Ek go]ðagastiR runo faihido[1]

Som kan tolkast som:

Eg, Gudgjest, rista runene[2]
Remove ads

Sjå også

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads