Eininga bar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Ein bar er ei måleeining for trykk, innført av den britiske meteorologen William Napier Shaw i 1909. Nemninga er ikkje ei SI-eining, men vert likevel godteken. Ein bar tilsvarar 100 000 pascal, eller 100 kilopascal. Ein millibar er 100 N/.

Trykket i atmosfæren på jorda ved havnivå er 1.01325 bar. Sidan dette trykket er så likt ein bar, vert bar eller millibar ofte brukt som måleeining, sjølv om Pascal er den rette måleeininga for trykk. Atmosfæretrykket er 1 barA (absolutt trykk), eller 0 barG (overtrykk). Når ein gass eller ei væska er trykksett, vil det seia at det har høgare trykk enn atmosfæretrykket, og ein brukar eininga barG.

Millibar er den vanlege nemninga å bruka i eit barometer, som ein brukar til å måla atmosfæretrykket med, men vert i dag sjeldan brukt i meteorologien. Mange manometer brukar òg ein skala inndelt i bar, ofte saman med eininga psi, som er ei eining frå det engelske imperial-systemet, og utan Pascal-inndeling.

Meir informasjon Pascal (Pa), Bar (bar) ...

Døme: 1 Pa = 1 N/m²  = 105 bar  = 10,197×106 ved  = 9,8692×106 atm osv.
Merk: mmHg er ei forkorting for millimeter kvikksølv, og kalla torr.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads