Eininga mark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mark er ei tradisjonell måleeining for masse, i Noreg tilsvarande omkring ein kvart kilogram. To merker vart rekna til eit pund (eller skålpund). 24 merker vart rekna til eit bismarpund, 72 merker vart rekna til ei våg. I tekst blir mark ofte gitt att med teiknet ₻, som i HTML blir skrive ₻
.
- I mellomalderen (til om lag 1500) var ei mark lik 8 øre = 24 ertoger; rekna til 214,32 gram
- Frå 1500-talet vart ei kølnsk mark bruka som sølvvekt, rekna til 230-235,18 gram[1]
- På 1600-talet tilsvarte ei mark 257,18 g [2]
- Frå 1683 er ei københavnsk mark rekna lik 249,88 gram
- Frå metersystemet vart innført i 1875, skal mark i eldre avtalar reknast lik 1/4 kg[3]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå mynteininga mark.
Ordet «mark» tyder eigentleg 'merkestrek på ein bismar'.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads