Isarco

From Wikipedia, the free encyclopedia

Isarco
Remove ads

Isarco (tysk Eisack, latin Isarus eller Isarcus) er den nest lengste elva i Trentino-Alto Adige i Italia med ei lengd på 96 km. Ho har sitt utspring nær Brennerpasset i ei høgd på 1 990 moh og har eit nedslagsfelt på 4 200 km². Ho munnar ut i Adige sør for Bolzano.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Remove ads

Dei største stadane langs elva er Sterzing, Franzensfeste, Brixen, Klausen, Waidbruck og til slutt hovudstaden i provinsen. Ho har fleire mindre elvar som sideelvar, som Ridnauner Bach, Pflerscher Bach, Pfitscher Bach, Rienz, Villnösser Bach, Grödner Bach, Braibach (òg kalla Tierser Bach), Eggentaler Bach og Talvera frå Sarntal.

Isarco vert i omfattande grad nytta til produksjon av elektrisitet og er demma opp ved Franzensfeste, Klausen og Waidbruck.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads