El cóndor pasa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«El cóndor pasa» er ein song frå zarazuelaen El cóndor pasa av den peruanske komponisten Daniel Alonía Robles, skriven i 1913 og basert på ein tradisjonell folkemelodi.
Han er truleg den best kjende peruanske songen verda over på grunn av ein coverversjon med Simon & Garfunkel frå albuma deira Bridge over Troubled Water (1970). Versjonen deira er kalla «El condor pasa (If I Could)». Simon høyrte ein versjon kalla «Pasa del condor» av Jorge Milchberg, som var leiar for gruppa Urubamba, tidlegare kjent som The Incas. Simon vart ven av gruppa gjennom denne songen og enda opp med å turnere med dei. Hans produserte òg det første amerikanske albumet deira.
Simon personleggjorde songen ved å leggje til sin eigen engelske tekst. På Simon & Garfunkel si utgåve er Robles, Milchberg og Simon alle oppført som låtskrivarar.
Seinare same år utgav Perry Como ein coverversjon av Simon & Garfunkel sin engelske versjonen på albumet sitt It's Impossible, medan Julie Felix drog fordel av Simon & Garfunkel si avgjersle om ikkje å gje han ut på singel i Storbritannia. Innspelinga hennar kom på den britiske singelista 15. april 1970 og låg der i elleve veker med nummer 19 som høgaste plassering.[1]
Simon & Garfunkel gav ut versjonen sin på singel i USA.
Remove ads
Historie
I 1913 komponerte Alonía Robles «El cóndor pasa» og songen vart først framført offentleg på Teatero Mazzi i Lima.[2]
Musikkgruppa Los Incas framførte songen i Paris i 1960-åra, der han vart høyrt av Paul Simon. Los Incas fortalde Simon at songen var komponert på 1800-talet av ein anonym komponist. Simon vart interessert i songen og skreiv ein ny tekst til han.
I 1970 gjorde sonen til Alonía Robles, Armando Robles Godoy, eit søksmål mot Simon og demonstrerte at songen hadde vorte komponert av faren hans og at han hadde opphavsrett på denne i USA i 1933. Godoy sa at han ikkje følte fiendskap overfor Simon for det han rekna det som ei mistyding.[3] Det var nesten ei vennleg rettssak, for Simon var særs respektfull overfor andre kulturar. «Det var ikkje gjort med vilje frå sida hans», sa Robles. «Han høyrde tilfeldigvis songen i Paris med ei innfødd gruppe. Han likte songen, han gjekk for å spørje dei og dei gav han feil informasjon. Dei fortalde at det var ein populær melodi frå det attande hundreåret og ikkje komposisjonen til faren min. Det var ei rettssak utan ytterlegare komplikasjonar.»
Remove ads
Andre versjonar
- Den spanske eurodance-disc jockeyen, DJ Sammy, hadde ein eurodanceversjon på albumet sitt, Heaven. Teksten blir likevel talt og er ikkje Paul Simon sin.'
- Den russiske popstjerna Valery Leontiev utgav songen på albumet sitt The year of wanderer (2009).
Norsk versjon
Eric Aster har skrive ein norsk tekst. På norsk ber den tittelen «Det var ein gong». Eli Tanja har spelt inn songen. Han vart gjeven ut på singlen Columbia GN 1847 i 1970.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads