Bridge over Troubled Water
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bridge over Troubled Water er det femte og siste studioalbumet til Simon & Garfunkel.[13] Det kom ut 26. januar 1970 på Columbia Records og nådde førsteplassen i USA, Noreg og mange stader i verda. Albumet vart miksa og gjeve ut i både stereo og kvadrofonisk lyd. Columbia Records gav ut ei 40-årsjubileumsutgåve i mars 2011, i lag med mykje ekstramateriale. Trass i mykje ros for albumet, valde duoen å gå kvar sin veg seinare i 1970. Art Garfunkel forstette filmkarrieren sin, medan Paul Simon fortsette som soloartist. Begge gav ut soloalbum dei neste åra.
Det vann Grammy-pris for «Årets album» og «Beste lydteknikar», medan tittelsporet vann prisen for «årets singel» og «årets song» under utdelinga i 1971.[13] Det har sidan seld over 25 millionar eksemplar.[14] Berre om lag 30-35 album har seld meir enn dette.
Albumet var særleg suksessrikt i Storbritannia der det låg i lange periodar på førsteplassen, og låg over eit år på lista. Det vart til slutt det mestseljande albumet i landet både i 1970 og 1971.[13] I Noreg låg albumet heile 17 veker på førsteplassen, men ikkje kontinuerleg. Totalt låg albumet på VG-lista i 81 veker, meir enn eitt og eit halvt år. Berre sju album har lagt lengre på VG-lista enn dette.[15]
I 2003 vart det rangert på 51. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og både tittelsporet og «The Boxer» hamna på lista over dei 500 beste songane.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Paul Simon – solovokal, akustisk gitar, perkusjon
- Art Garfunkel – solovokal, perkusjon
- Los Incas – peruanske instrument
- Joe Osborn – bassgitar
- Larry Knechtel – piano, orgel, Fender Rhodes
- Fred Carter Jr. – akustisk gitar, elektrisk gitar
- Pete Drake – Dobro, pedalsteelgitar
- Hal Blaine – trommer, perkusjon
- Jimmie Haskell og Ernie Freeman – strykarar
- Jon Faddis, Randy Brecker, Lew Soloff & Alan Rubin – blåsarar
- Buddy Harman – perkusjon
- Bob Moore – kontrabass
- Charlie McCoy – bass munnspel
- Roy Halee – lydteknikar og med-plateprodusent
Remove ads
Salslister
Singlar
Remove ads
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads