Eldhovudtanagar

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Eldhovudtanagar
Remove ads

Eldhovudtanagar (Tangara parzudakii) er ein mellomstor fugleart i tanagarfamilien (Thraupidae). Han er ein av 28 artar i den biologiske slekta Tangara.[1] Arten er endemisk for Sør-Amerika og finst i dei austlege Andesfjella i Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela. Det naturlege habitatet er subtropisk eller tropisk fuktig fjellskog 1000 til 2600 meter over havnivå.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Eldhovudtanagaren har ei karakteristisk fjørdrakt med svarte og opalgrøne oversider, opalgrøne og gulbrune undersider, og eit djupraudt og gult andlet. Ein underart, T. p. lunigera, manglar det djupraude i andletet, som i staden er oransjeraudt.

Eldhovudtanagaren er ein mellomstor og særprega fugl, med ei lengd på 14–15 cm og ei vekt på om lag 28 gram. Hannen og hoa ser like ut.

Fuglen er altetande og lever av frukt og leddyr. Han finn maten sin nesten utelukkande på mosekledde greiner. Hekkesesongen fell saman med regntida. Hoa legg to egg i kvart kull, og egga er kvite med lysebrune flekker som er konsentrerte i den mest butte enden. Ungane vert mata av begge foreldra.

Remove ads

Status

Eldhovudtanagaren er klassifisert som «livskraftig» (LC) på Verdas naturvernunion (IUCN) si raudliste. Storleiken på populasjonen er trudd å vere minkande.[2] Underarten lunigera, som blir rekna som ein eigen art av IUCN, er òg klassifisert som «livskraftig».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads