Electric Arguments
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Electric Arguments er det tredje albumet til The Fireman, ein duo som består av Paul McCartney og produsenten Youth. Albumet kom ut 24. november 2008 på nettsida til duoen.[13] Det er den første Fireman-utgjevinga som McCartney offisielt vedkjente seg, og dei to medlemmane i duoen står begge omtalte på omslaget, i motsetnad til dei to tidlegare albuma deira.
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
I motsetnad til tidlegare Fireman-album er det mykje vokal på Electric Arguments. Kvar av songane vart spelte inn på ein dag og sjølve albumet vart fullført på 13 dagar, spreidd utover eitt år.[13] Allbumet inneheld eit løynd spor, «Road Trip», etter «Don't Stop Running».[14] Det vart laga remiksar av «Lifelong Passion», kalla «Sawain Ambient Acapella» og «Sawain Instrumental Dub».[14] Instrumentale miksar av «Sun Is Shining» og «Traveling Light» vart òg laga, kalla «Equinox Instrumental» og «Travelling Light Instrumental».[14] Det vart laga |instrumentale dub-miksar av «Sing the Changes» og «Don't Stop Running», kalla «Morning Mist Instrumental Dub» og «Wickerman Ambient Dub».[14]
Duoen lånte tittelen «Electric Arguments» frå diktet «Kansas City to St. Louis» av Allen Ginsberg. I magasinet Wired sa McCartney dette kom av at han «hadde sett etter ein vakker ordkombinasjon og ikkje tydinga deira.»[15]
Remove ads
Mottaking
Electric Arguments debuterte på 79. plassen på UK Album Charts, og markerte første gongen The Fireman gjekk inn på den britiske lita. Duoen kom òg for første gongen inn på Billboard 200, der det nådde 67. plassen. Electric Arguments fekk god kritikk i musikkpressa og på Metacritic fekk albumet ein score på 74 av 100, basert på 23 meldingar (18 positive, fire middels og ein negativ).[16]
Innhald
Alle spor skrivne av Paul McCartney
Utgjeving
Electric Arguments har kome ut i fleire versjonar som digital nedlasting, CD, dobbel vinylplate og ei luksusutgåve med 2 LP-ar, 2 CD-ar og 2 DVD-ar i ein tinnboks. Dette bestod av det originale albumet, ein ekstra CD med bonusmiksar og alternative versjonar, ein DVD med HD-lyd, ein DVD med songane delt opp i dei enkelte lydspora, i tillegg til eit omfattande hefte.[17]
- Plate 2 – bonusspor
Alle spor skrivne av Paul McCartney
- Plate 3 – DVD - HD-lydinnspelingar
Musikkvideoar og dokumentar om produksjonen av albumet
- Plate 4 – DVD - Fleirsporsfiler
Alle spor skrivne av Paul McCartney
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads