Elijah Manangoi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Elijah Motonei Manangoi (fødd 5. januar 1993) er ein kenyansk mellomdistanseløpar. Han vann sølvmedaljen på 1500 meter i verdsmeisterskapen 2015 i Beijing og gullmedaljen i verdsmeisterskapen 2017 i London. Sommaren 2017 sette han personleg rekord med 3.28,8 då han sigra på spesialdistansen i DL-stemnet i Monaco.
Remove ads
Aktiv
I juli 2015 vart Manangoi kenyansk meister på 1500 m. Berre seks dagar seinare forbetra han sin personlege rekord med over fem sekund til 3.29,6 i Monaco, men vart berre nummer 6. Under verdsmeisterskapen i Beijing same året overraska han med å legge beslag på sølvmedaljen, hårfint føre marokkanaren Abdalaati Iguider. Favoritten Asbel Kiprop vart verdsmeister. 21. juli 2017 presterte Manangoi livsbeste 3.28,8 då han sigra i Herculis-stemnet i Monaco. Tre veker seinare sprang han inn til gullmedalje på 1500-meter då verdsmeisterskapen 2015 vart avvikla i London. Dei to andre medaljane vann landsmannen Timothy Cheruiyot og norske Filip Ingebrigtsen. I 2018-sesongen vann Manangoi spesialdistansen både i samveldeleikane og i afrikameisterskapen.
Doping
Manangoi var dømt for brot på doping-reglane og 2020-22 utestengd frå friidrett.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Elijah Manangoi» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2025.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads