Elise

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Elise
Remove ads

Elisa og Elise er kvinnenamn danna som kortformer av Elisabet. Dette namnet stammar frå hebraisk og er sett saman av 'min Gud' og 'sju', som har tydinga 'fullkommen'. Eliza er ein annan skrivemåte medan Else, Elsa, Eli og Lisa er nærskylde namn.

Thumb
Skodespelaren Elise Hwasser som «Sigrid den fagra».

Elise har namnedag den 17. april.

Bruk

Elise var det vanlegaste jentenamnet i Frankrike i 2001.

Elise var mykje brukt for norske jentebarn på siste halvdelen av 1800-talet, og hadde igjen aukande popularitet frå 1980-talet.

I 2009 var det 5795 norske kvinner som heitte Elise, 537 som heitte Elisa og 115 som heitte Eliza.

Namneberarar

  • Élise Bruyère (1776–1847), fransk målar
  • Elisa Bonaparte (1777–1820), Napoleon si syster, utnemnd til prinsesse
  • Elisa Bernerström (d. 1809), svensk soldat
  • Elise Wærenskjold (1815-1895), norsk-amerikansk forfattar og mediekvinne
  • Elise Hwasser (1835-1894), svensk skodespelar
  • Elise Ottesen-Jensen (1886—1973), «Ottar», norsk-svensk seksualopplysar og kvinnesaksforkjempar
  • Elise Cowen (1933-1962), amerikansk forfattar
  • Elise Neal (f. 1966), amerikansk skodespelar
  • Elise Båtnes (f. 1971), norsk fiolinist
  • Elisa (f. 1977), Elisa Toffoli, italiensk songar
Remove ads

Annan bruk

«Til Elise», tysk «Für Elise», er eit kjent pianostykke av Beethoven.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads