Kvinnenamn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kvinnenamn er personnamn som hovudsakleg blir gjevne til kvinner. Slike namn kan òg knytast til andre vesen eller ting eller for å gjera dei «kvinnelege».

Foto: Ernie & Katy Newton Lawley
Medan mange kulturar skil mellom kvinne- og mannsnamn, finst det òg ein del som ikkje gjer det (til dømes på Hawaii før amerikaniseringa.[1]). Det er også vanleg å ha ein større eller mindre del namn som kan brukast av begge kjønn.
Kvinnenamn har ein tendens til å følgja moten meir enn mannsnamn, både ved at bruken endrar seg raskt og ved at ein lettare lager nye, gjerne fantasifulle namn.[2]
Remove ads
Utforming
Ulike samfunn har ulike konvensjonar for korleis ein former kvinnenamn, og det finst ingen universelle reglar. Det finst likevel nokre trekk ved kvinnenamn som er vanlege mange stader i verda.
Form
Kvinnenamn som følgjer latinske-inspirerte, europeiske tradisjonar ender ofte med -a eller -i. Mange av dei er avleidde frå mannsnamn ved å legga til ei ending, gjerne ei som tyder 'lita' (diminutiv) (som -erl, -ette, -ina, -ita).
I norrøn tid laga ein gjerne namn ved å setja saman to delar der andredelen vista kva kjønn beraren hadde. Kvinnelege namneendingar var til dømes -borg, -dis, -frid, -hild, -run og -veig.
Tyding
Remove ads
Annan bruk
På engelsk har båtar svært ofte kvinnenamn. I India har elvar nesten alltid kvinnenamn.
Sjå òg:
- Om etternamn jenter har brukafør dei skifta namn ved giftarmål, sjå oppvekstnamn.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads