Eliza Allen Starr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eliza Allen Starr (29. august 1824–8. september 1901) var ein amerikansk kunstnar, kunstkritikar, lærar og foredragshaldar. Ho var kjend over heile USA og Europa for bøkene sine om katolsk kunst.[1]
Remove ads
Bakgrunn
Starr var fødd i Deerfield i Massachusetts i 1824. Ho stamma frå Dr. Comfort Starr, frå Ashford i Kent i England, som slo seg ned i Cambridge i Massachusetts i 1634. På morssida hennar stamma ho frå «Allens of the Bars», som opphavleg var frå Chelmsford i England, og som var leiande i kolonihistoria.[2][3]
Ho fekk utdanning heime, og som ung vaksen deltok ho i det sosiale livet i Boston og Philadelphia. I sistnemnde byen fekk ho mange kjende, blant anna erkebiskop Kenrick, som påverka henne til å gå inn i den katolske kyrkja. Ho konverterte frå unitarianisme til katolisisme i 1854, og blei teken inn i kyrkja ved den gamle Holy Cross-katedralen i Boston.[4]
Remove ads
Karriere
Medan ho var i Philadelphia gav ho ut nokre av dei tidlege dikta sine. Familien hennar flytta til Chicago i Illinois i 1856. Der byrja ho den litterære karrieren sin for alvor.[3] Ho underviste etterkvart også i kunst og byrja å halde førelesingar rundt i byen og rundtom i USA.[5]
I 1867 gav Starr ut ei diktsamling, og ikkje lenge etter gav ho ut Patron Saints. I 1875 drog ho til Europa, der ho blei art verande i ei tid. Då ho vende heim gav ho ut kunstverket sitt Pilgrims and Shrines, som saman med Patron Saints har vore mykje lese. I 1887 gav ho ut diktsamlinga Songs of a Lifetime, og i 1890 A Long-Delayed Tribute to Isabella of Castile, as Co-Discoverer of America. Deretter følgde Christmastide, Christian Art in Our Own Age og What We See. Sistnemnde var særleg retta mot born.[3]
I 1885 blei ho den fyrste kvinna som blei tildelt Laetare-medaljen, den mest prestisjefulle æra gjeven til amerikanske katolikkar.[1][6][7] Pave Leo XIII sende henne ein medaljong etter at ho skreiv The Three Archangels og The Guardian Angels in Art.[8] Starr fekk òg ein medalje for arbeidet sitt som kunstpedagog, basert på utstillingar av verk av studentane hennar vist på World's Columbian Exposition.[9] Ho var ein av dei grunnleggjande medlemmene av Queen Isabella Association.[10]
På slutten av 1800-talet heldt ho ein serie kjende forelesningar om kunst i atelieret sitt og i heimane til venene sine, som blei repeterte i dei viktigaste kunst- og litteratursentera både i aust og vest.[3]
Remove ads
Privatliv
Ho var tanta til og hadde stor innverknad på reformatoren Ellen Gates Starr.[1]
Verk i utval
- Songs of a Lifetime
- Patron Saints
- Pilgrims and Shrines
- Isabella of Castile
- What we see
- Ode to Christopher Columbus
- Christmas-tide
- Christian art in our own age
- The Seven Dolours of the Virgin Mary
- Literature of Christian Art
- The Three Keys to the Camera della Segnatura in the Vatican
- Art in the Chicago Churches
- Woman's Work in Art
- The Three Archangels and the Guardian Angels in Art
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads