Elke Erb

From Wikipedia, the free encyclopedia

Elke Erb
Remove ads

Elke Erb (18. februar 193822. januar 2024) er ein tysk forfattar og omsetjar.[1] I 2020 vann ho Georg-Büchner-prisen.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og virke

Erb blei fødd i Rheinbach i Nordrhein-Wesfalen som ei av dei tre døtrene til den marxistiske litteraturvitaren Ewald Erb (1903–1978). Ho er den eldre søstera til forfattaren Ute Erb. Familien reiste frå Vest-Tyskland til Halle (Saale) i 1949. Etter abitur i 1958 studerte Erb pedagogikk, historie, tysk og russisk ved universitetet i Halle. I 1963 gjekk ho ut frå universitetet med kvalifikasjonar til å undervisa i tysk og russisk, men også kunnskapen om at ein karriere innan utdanning ville vera totalt upassande for henne.[2]

Etter studiane arbeidde ho, fyrst som frivillig og så som tilsett, i pratiforlaget Mitteldeutscher Verlag i Halle frå 1963 til 1966.[3][4] Ho leid av psykiske problem, og var ei tid innlagt på eit psykiatrisk sjukehus. I 1966 drog ho til Aust-Berlin. Erb skreiv eigne tekstar og meldingar av russiske drama og skjønnlitteratur for forlag.[4]Ho blei sambuar med diktaren Adolf Endler, og dei gifta seg i 1968.[2][5] Ho gav ut sine fyrste dikt i 1968.[4]

I 1969 hadde Erb eit lengre opphald i Georgia. Det fyrste større omsetjingsverket hennar, som kom ut i 1974, var av tekstar av Marina Tsvetajeva.[3][6]

I DDR tilhøyrde ho eit regimekritisk miljø i Prenzlauer Berg.[7] Diktsamlinga Skärvor, senare, er komen ut på svensk.[8]

Remove ads

Verk i utval

  • Gutachten. Poesie und Prosa. Aufbau Verlag, Berlin, Weimar 1975
  • Einer schreit: Nicht! Geschichten und Gedichte. Wagenbach, Berlin 1976
  • Der Faden der Geduld. Aufbau Verlag, Berlin, Weimar 1978.
  • Trost. Gedichte und Prosa. Deutsche Verlagsanstalt, Stuttgart 1982 (ausgewählt von Sarah Kirsch)
  • Vexierbild. Aufbau Verlag, Berlin, Weimar 1983.
  • Kastanienallee. Texte und Kommentare. Aufbau Verlag, Berlin, Weimar 1987.
  • Winkelzüge oder Nicht vermutete, aufschlußreiche Verhältnisse. (Ill. Angela Hampel) Druckhaus Galrev, Berlin 1991
  • Nachts, halb zwei, zu Hause. Texte aus drei Jahrzehnten. Reclam Leipzig, Leipzig 1991 (utval av Brigitte Struzyk)
  • Poets Corner 3: Elke Erb, Unabhängige Verlagsbuchhandlung Ackerstraße, Berlin 1991.
  • Unschuld, du Licht meiner Augen. Dikt, Steidl Verlag, Göttingen 1994
  • Der wilde Forst, der tiefe Wald. Auskünfte in Prosa, Steidl Verlag, Göttingen 1995.
  • Mensch sein, nicht. Gedichte und andere Tagebuchnotizen. Urs Engeler, Basel und Weil am Rhein 1998
  • Leibhaftig lesen. Dikt, Verlag Ulrich Keicher, Warmbronn 1999
  • Sachverstand. Arbeidsbok, dikt, Urs Engeler Editor, Basel und Weil am Rhein 2000.
  • Lust. 2 Gedichte. Verlag Ulrich Keicher, Warmbronn 2001.
  • Parabel. Verlag Unartig 2002.
  • die crux. Gedichte, Urs Engeler Editor, Basel und Weil am Rhein 2003.
  • Gänsesommer. Gedichte, Urs Engeler Editor, Basel und Weil am Rhein 2005.
  • Freunde hin, Freunde her. Dikt (= Lyrikedition 2000). BUCH&media, München 2005, ISBN 978-3-86520-154-6.
  • Sonanz. 5-Minuten-Notate. Dikt, Urs Engeler Editor, Basel und Weil am Rhein 2008.
  • Wegerich. Wahn. Denn Wieso? Dikt (aus Sonanz), Verlag Ulrich Keicher, Warmbronn 2008.
  • Meins. Gedichte, roughbooks, Wuischke, Berlin und Holderbank 2010
  • Elke Erb. (= Poesiealbum. 301). Märkischer Verlag Wilhelmshorst 2012, ISBN 978-3-943708-01-1.
  • Das Hündle kam weiter auf drein. Dikt, roughbooks, Berlin, Wuischke und Solothurn 2013.
  • Sonnenklar. Dikt, roughbooks, Berlin, Wuischke und Solothurn 2015.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads