Ella

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Ella
Remove ads

Ella er eit kvinnenamn danna som ei kortform av namn som byrjar på El-, som Ellinor eller Elisabeth, eller for namn som sluttar på -ella, som Gabriella eller Donatella.[1] Det kan også vera ei kjæleform av Ellen.[2]

Thumb
Bilde og namnetrekk av forfattaren Ella Wheeler Wilcox.

Ella har namnedag både i Noreg og Sverige den 19. februar.

Tyding

I den siste namnetypen er -ella eit kvinneleg diminutiv. Det er òg gjort framlegg om at namnedelen kan ha samanheng med den germanske namneendinga -ali, som tyder annleis eller framand. Andre igjen bind Ella saman med namn som Eline eller Elena, som igjen kjem frå Helena og tyder strålande.

moderne hebraisk betyr namnet «gudinne» og er danna av det hebraiske el, «Gud», eller eli, «min Gud».

Remove ads

Bruk

Thumb
Ella Fitzgerald i 1962.

Namnet har vore mykje brukt i den engelsktalande verda, og har i dag aukande popularitet. Ella er blant dei hundre mest brukte namna i USA, og blant dei tjue mest brukte i Irland samt England og Wales sett under eitt. Også i Noreg har namnebruken auka kraftig sidan rundt 1995, og i Sverige var namnet det ellevte mest gjevne i 2004.

Kjende namneberarar

  • Ella Christie (1861–1949), skotsk utforskar
  • Ella Dyberg (1890-1965), svensk songar og komponist
  • Ella Kivikoski (1901-1990), finsk arkeolog
  • Ella Baker (1903-1986), afroamerikansk borgarrettsforkjempar
  • Ella Hval (1904-1994), norsk skodespelar
  • Ella Rosén (1911-1984), svensk skodespelar
  • Ella Fitzgerald (1917-1996), afroamerikansk jazzsongar, som mellom anna gav ut platene Ella & Louis og Ella & Louis again
  • Ella Holm Bull (1921-2006), sørsamisk forfattar
  • Ella Gjømle Berg (f. 1971), norsk langrennsløpar
  • Ella K. Okstad (f. 1973), norsk illustratør

Andre tydingar

Ella er òg eit spansk pronomen som tyder henne.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads