Ellen Horn
norsk skodespelar og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ellen Horn (fødd 1. februar 1951), fødd Ellen Stoesen, er ein norsk skodespelar, teatersjef og tidlegare kulturminister for Arbeidarpartiet.
Remove ads
Bakgrunn
Ellen Horn blei fødd i Montreal, og budde dei fyrste åra av livet i Canada, der faren arbeidde for den internasjonale luftfartsorganisasjonen ICAO.[1] Seinare voks ho opp på Tjøme.[2]
Teater
Ho dreiv dokketeater i tre år etter at ho fullførte vidaregåande skule.[3] Ho er utdanna som skodespelar frå Statens Teaterhøgskole. Ho har vore knytt til Fjernsynsteateret, til Nationaltheatret som skodespelar og teatersjef, og blei utnemnd til teatersjef for Riksteateret i februar 2005. Ho var styreleiar for Den Norske Opera frå 2007 til 2015.[2]
Regjering
Ellen Horn var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Jens Stoltenberg si første regjering, 2000-2001.
Privatliv
Ho er gift med jazztrommeslagaren Jon Christensen, og har to barn: Kjersti Horn, frå det tidlegare ekteskapet med Per Horn, og Emilie Christensen frå det noverande ekteskapet.
Nokre roller
Sigrid Undset i Undset (Trøndelag Teater 2005)[4]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads