Ellesmere Port
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ellesmere Port er ein stor industriby og lastehamn i distriktet Ellesmere Port and Neston i Cheshire i England. Byen ligg nord for Chester, og har opp under 70 000 innbyggjarar. Byen ligg ikkje langt frå grensa til Wales, og fleire av innbyggjarane i byen er walisarar.
Remove ads
Remove ads
Skildring
Byen er hovudsakleg industriell, og er dominert av oljeraffineriet til Shell på Stanlow og ein tidlegare ICI kjemisk verkstad. Byen er òg heimstad for ein Vauxhall Motors-fabrikk, der Opel Astra blir for produsert Storbritannia. Det er nokre turistattraksjonar, som båtmuseèt og «Blue Planet Aquarium».
Historie
Byen Ellesmere Port vart stifta som ein utpost mot havet etter at Ellesmerekanalen vart bygd. Kanalen vart designa av William Jessop og Thomas Telford, for å binde saman elvane Severn, Mersey og Dee. Berre Mersey og Dee vart bundne saman, i 1795, sambandet til Severn vart aldri fullført. Kanalen vart forbunde til Mersey i ein landsby med namnet Netherpool, og området var kjent som Whitby Locks.
Landsbyen Netherpool endra gradvis til «Port of Ellesmere», og frå 1800-talet til Ellesmere Port. Det hadde vore busetjing i området sidan Domesday Book vart skriven. Mange av landsby- og stadnamna i området stammar frå gammalnorrønt, i likskap med store delar av Wirral-halvøya, som har vore busett av vikingar.
Etter opninga av Manchesterkanalen i 1894 og oljeraffineriet på Stanlow på 1920-talet voks byen slik at han fekk Great & Little Sutton, Hooton, Whitby, Overpool og Rivacre som forstader. I 1962 auka behovet for bustader enormt etter at Vauxhall Motors opna fabrikk i Ellesmere Port.
Dei siste 20 åra har fleire fabrikkar stengt, og arbeidsplassar gått tapt, men folkesetnaden har auka og det har kome mange nye butikkar. Likevel er næringslivet i Ellesmere Port fortsett basert på industri.
Remove ads
Venskapsbyar
Kjende innbyggjarar
- John Prescott, britisk politikar og minister, gjekk på skule i Ellesmere Port.
- Beverley Hughes, britisk politikar og minister
- Rob Jones, fotballspelar
- Johannah Leedham, basketballspelar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ellesmere Port» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
- Ellesmere Port Standard (lokalavis)
- Båtmuseet
- Blue Planet Aquarium
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads