Nigerelva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Niger er den største elva i Vest-Afrika, over 4000 km lang. Ho renn gjennom Guinea, Mali, Niger, på grensa til Benin og til slutt gjennom Nigeria. Ho renn ut i eit massivt delta. Niger er den tredje lengste elva i Afrika, berre Nilen og Kongo er lengre. Den viktigaste bielva til Niger er Benue.

Namnet på elva
Namnet Niger kjem truleg frå tamasjek ɣer n ɣeren 'elvanes elv, elva av elvar', med ei misforstådd europeisk tilpassing til det latinske adjektivet niger 'svart'.[1] På bambara heiter elva Joliba, som tyder 'blodelva'; jf. joli 'blod', ba 'elv'. På fulfulde heiter ho Maayo ɓaleewo, som tyder 'den svarte elva'; jf. maayo 'elv', ɓaleewo 'kvit' (i NGO-klassen). På songhay heiter ho Isa Ber 'storelva', og på joruba Oya, etter ei elvegudinne knytt til Niger.
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads