Fulfulde

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Fulfulde er eit språk som blir snakka i Vest-Afrika. Det blir tala av fulaniane frå Senegal til Kamerun og Sudan. Etter arabisk og dei tidlegare europeiske kolonispråka engelsk og fransk er fulfulde det språket som har den største geografiske utbreiinga i Afrika. Fulfulde har 20 nominalklassar («grammatisk kjønn») i eintal – noko som truleg er flest av alle språk.

Kjappe fakta
Remove ads
Remove ads

Namn på språket

Talarar vestanfor Maasina i Mali kallar språket sitt pulaar, bortsett frå i Guinea, der dei kallar det pular, medan dei som snakkar dialektar frå Maasina og austover, seier fulfulde.

Språket fulfulde er òg kjent under mange andre namn:

  • Fula. Særleg nytta på engelsk; kjem frå mandinka fula 'fulani'.
  • Ful. Særleg nytta på tysk; laga frå rota til ordet fulfulde.
  • Fulani. Særleg nytta på engelsk; kjem av hausa Filàanii 'fulaniar', fleirtal av Bàfillaacèe.
  • Peul. Særleg nytta på fransk; kjem av wolof Pël 'fulani'.
Thumb
Fulanikvinner i Paoua i Den sentralafrikanske republikken.
Foto: Brice Blondel for HDPTCAR

Desse nemningane blir òg mykje nytta om den etniske gruppa, i denne artikkelen omtala som fulaniar, fleirtal av fulani. Sjølve kallar dei seg pullo (eintal), fulɓe (fleirtal). Eit anna namn på folket er fellata, som kjem av kanuri fǝláta 'fulani'. Pular er det offisielle regionale språket i Guinea, og mange talarar er einspråklege (monolingvale).

Remove ads

Typologi

Syntaks

Fulfulde er eit SVO-språk med kjerneinitiale frasar, som illustrert i dette dømet:

Meir informasjon O, Adv ...

Morfologi

Fulfulde er eit syntetisk språk, ved at mange ord inneheld meir enn eitt morfem. I setninga Gaynaako tawii na'i daneeji ɗiɗi bannge maayo 'Gjætaren fann to kvite kyr nær elva' inneheld alle orda fleire morfem, unnateke preposisjonen bannge 'nær':

Meir informasjon Gjætaren fann to kvite kyr nær elva ...

Det er dessutan eit flekterande språk. Bøying blir uttrykt gjennom modifikasjon og suffiks, og mange suffiks er uttrykk for fleire grammatiske trekk. I dømet over ser vi at suffikset -ii i verbforma tawii 'fann' er uttrykk for tre grammatiske trekk, aktiv (i motsetnad til medium og passiv), fri (i motsetnad til konjunkt) og perfektiv (i motsetnad til imperfektiv). Fulfulde har ikkje kasus.

Fonologi

Fulfulde har berre to stavingstypar, ON og ONK, der O = opptakt, N = nukleus (også kalla kjerne) og K = koda. Stavinga har med andre ord obligatorisk opptakt og nukleus og valfri koda. Opptakt og koda inneheld éin og berre éin konsonant. Nukleus inneheld ein stutt eller ein lang vokal. Språket har ikkje diftongar.

Remove ads

Slektskap

For meir om dette emnet, sjå Slektskapen mellom fulfulde og andre språk.

Fulfulde blir rekna til undergruppa Senegal-språk i den nordlege greina av dei atlantiske språka, som utgjer ei hovudgrein av språkfamilien niger-kongo.

Dialektar

Thumb
Dette kartet over fulanske jihād-statar kring år 1830 viser samstundes område i Vest-Afrika der fulfulde framleis står særskilt sterkt, nemleg Fuuta Jaloo (dialektområde 1), Fuuta Tooro (dialektområde 2), Maasina (dialektområde 3) og området for det gamle Sokkoto-kalifatet (dialektområde 4, 5 og 6).
For meir om dette emnet, sjå Dialektar av fulfulde.

Fula har fleire ulike dialektar. Ei mogeleg inndeling er:[2]

Remove ads

Lånord

Språket har lånt mykje frå arabisk og fransk språk, men også frå engelsk, portugisisk, malinke, susu, wolof og andre språk. Lånorda frå arabisk gjeld fyrst og fremst religion (islam), filosofi, grammatikk og skriftkultur, medan lånorda frå fransk og engelsk gjeld moderne teknologi.

Her er nokre døme - frå Aadamaawa-dialekten - på lånord frå arabisk:

  • annaboojo 'profet' < arabisk an-nabī النبي
  • asama 'himmel' < arabisk as-samāʔ السماء
  • mallum(jo) 'koranlærar' < muʕallim معلم
  • deftere 'bok' < arabisk daftar دفتر 'skrivehefte, kladdbok'
Remove ads

Alfabet

Fula blir skrive med det latinske alfabetet og det arabiske alfabetet.

Det latinske alfabetet

Det latinske alfabetet blei teke i bruk for å skrive fulfulde på 1800-talet, i samband med europeisk kolonisering og misjon.

I februar-mars 1966 skipa UNESCO ein konferanse i Bamako (hovudstaden i Mali), Meeting of Experts for the Uni!cation of Alphabets of the National Languages. Der blei det føreslege ny ortografi i det latinske alfabetet for mange afrikanske språk, mellom anna fulfulde. Det trongst ein standardisert ortografi, for skrivemåten varierte sterkt frå bok til bok, og framleis blir det gjeve ut bøker med avvikande ortografi.

Det latinske alfabetet har desse store og små bokstavane: ', A a, B b, Ɓ ɓ, Mb mb, C c, D d, Ɗ ɗ, Nd nd, E e, F f, G g, Ng ng, H h, I i, J j, Nj nj, K k, L l, M m, N n, Ɲ ɲ, Ŋ ŋ, O o, Pp, R r, S s, T t, U u, V v, W w, Y y, Ƴ ƴ, Z z. I staden for Ɲ ɲ nyttar ein òg Ñ ñ eller Ny ny. Den glottale lukkelyden ' blir oftast ikkje skriven fremst i ord, slik at anndal 'kunnskap' står for /ʔanndal/. Den fonetiske verdien til dei ulike bokstavane er beskriven i avsnittet Lydsystemet nedanfor.

Det arabiske alfabetet

Det arabiske alfabetet har vore kjent mellom fulaniane sidan muslimske handelsfolk kom til Vest-Afrika på 800-900-talet. Dette alfabetet kan nyttast på fleire vis for å skrive fulfulde. Tabellen under viser den tradisjonelle skrivemåten av konsonantane i Nord-Kamerun.

Meir informasjon Det arabiske alfabetet, Nasal ...

Som tabellen viser, blir stemde plosivar og prenasale plosivar skrivne likt. Vidare skil ein mellom anna heller ikkje mellom b og ɓ eller mellom f og p. Vokalane i, a og u blir skrivne som på arabisk, jamfør til dømes عَسِرِ asiri 'bedetid ved 16-tida' (< arabisk ʕaṣr عَصر) og سُبَحَ subaha 'bedetid før soloppgang' (< arabisk subħ سُبح), medan o blir skriven med ʿ over konsonanten og e med . under konsonanten.

Dei siste tiåra har ein ny skrivemåte blitt utvikla, der alle konsonantfonema er skilde frå kvarandre. Dei prenasale plosivane blir skrivne مب mb, ند nd, نج nj og نغ ng; p blir skrive پ ; ɓ og ƴ blir skrivne som høvesvis ب b og ي y med ء ʔ over. Ny blir skriven som ein kombinasjon av ن og ي, slik at eldre يَامَ nyaama får ein prikk over fyrste konsonanten.

Remove ads

Fonologi

For meir om dette emnet, sjå Fonologi i fulfulde.

Stavingsstruktur

Fulfulde har stavingar av typane CV, CVV, CVC og CVVC, der C = konsonant, V = stutt vokal og VV = lang vokal. Med andre ord byrjar alle stavingar med éin og berre éin konsonant.

Vokalar

Fula har fem stutte og fem lange vokalfonem:

Meir informasjon Trong, Midtre ...

I mange dialektar varierer uttalen av dei midtre vokalane e, ee, o og oo allofonisk mellom dei trong-midtre [e], [eː], [o] og [oː] på den eine sida og dei open-midtre [ɛ], [ɛː], [ɔ] og [ɔː] på den andre. Fula har ingen diftongar.

Konsonantar

Meir informasjon Nasal, Prenasal plosiv ...

Frå Maasina og vestover blir ƴ uttala som ein palatal implosiv og austafor Maasina blir han uttala som ein knirkestemd halvvokal.
Alle implosivane kan alternativt uttalast som knirkestemde plosivar.[3]
Skiljet mellom v og w finst berre i nokre dialektar i Aadamaawa. Alle andre dialektar har berre w. Jamfør artikkelen Fulfulde: framlydsveksling. I Maasina blir w uttala [ɥ] føre fremre vokal (i, ii, e, ee).

Remove ads

Morfofonologi

Framlydsveksling

For meir om dette emnet, sjå Framlydsveksling i fulfulde.

Eit karakteristisk drag ved fulfulde er framlydsvekslinga, det at konsonanten fremst i eit ord vekslar ved ordbøying. Her er nokre døme i Aadamaawa-dialekt:

Substantiv

  • pullo 'fulani', fleirtal fulɓe 'fulaniar'; eintalsforma (i O-klassen) tek til med p og fleirtalsforma (i ƁE-klassen) med f
  • fowru 'hyene', fleirtal pobbi 'hyenar'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med f og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med p
  • reedu 'mage', fleirtal deeɗi 'magar'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med r og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med d
  • yitere 'auga', fleirtal gite 'augo'; eintalsforma (i NDE-klassen) tek til med y og fleirtalsforma (i ƊE-klassen) med g
  • hofru 'kne', fleirtal koppi 'kne'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med h og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med k
  • mbeewa 'geit', fleirtal be'i 'geiter'; eintalsforma (i NGA-klassen) tek til med mb og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med b

Verb

  • o warii 'ho/han kom', fleirtal ɓe ngarii 'dei kom'; verbet tek til med w med eintalssubjekt og med ng med fleirtalssubjekt
  • o fiɗii 'ho/han skaut', fleirtal ɓe piɗii 'dei skaut'; verbet tek til med f med eintalssubjekt og med p med fleirtalssubjekt
  • o reenii 'ho/han venta', fleirtal ɓe ndeenii 'dei venta'; verbet tek til med r med eintalssubjekt og med nd med fleirtalssubjekt

Ei rot kan førekome med tre ulike konsonantar. Rota war- 'kome' finst i variantane war-, gar- og ngar-, der framlydskonsonanten førekjem i høvesvis kontinuant-stadiet, plosiv-stadiet og prenasal-stadiet. Heile framlydsvekslingssystemet med døme er presenterte i Fulfulde: framlydsveksling.

Suffiksveksling

For meir om dette emnet, sjå Suffiksveksling i fulfulde.

Nominalklassesuffiksa, som vi primært finn på substantiv, adjektiv og partisipp, varierer i form, her illustrert med fire substantiv i NGAL-klassen (suffiksa er skilde ut med ein bindestrek):

  • gerl-al 'rapphøne'
  • jigaa-wal 'gribb'
  • iloo-gal 'fiskeørn'
  • jaaw-ngal 'perlehøne'

Desse fire variantane utgjer dei fire suffiksvekslingsstadia til suffikset i NGAL-klassen. Dei fire stadia har desse namna:

  • -al nullstadiet
  • -wal kontinuantstadiet
  • -gal plosivstadiet
  • -ngal prenasalstadiet

Dei tre siste stadia, kontinuantstadiet, plosivstadiet og prenasalstadiet, kan jamførast med dei tre stadia i framlydsvekslinga. Her er eit oversyn over alle dei vekslingsrekkjene som finst ved nominalklassesuffiksa:

Meir informasjon Suffiksvekslinga, Nullstadiet ...

Det står y / w i kontinuantstadiet i Gi/e-rekkja. Vi finn w i Fuuta Jaloo- og Maasina-dialekten og y i andre dialektar. Det står h / w i kontinuantstadiet i K-rekkja. Vi finn w i Maasina-dialekten og h i andre dialektar. B-rekkja finst berre i Fuuta Jaloo- og Fuuta Tooro-dialekten.

Remove ads

Morfologi

Eit karakteristisk drag ved fulfulde og dei fleste andre niger-kongo-språk er nominalklasse-systemet. I fulfulde kongruerer adjektiv, talord, partisipp og determinativ med substantivet med omsyn til nominalklasse, og skil seg frå bantuspråka, der finitte verb også har nominalklasse-kongruens med subjekt og objekt.

Substantiv

For meir om dette emnet, sjå Substantiv i fulfulde.

Substantivet på fulfulde førekjem i normalt i seks ulike former som alle høyrer til kvar sin nominalklasse, her illustrert med substantivet RAWAANDU 'hund' i Aadamaawa-dialekten:

Meir informasjon Grunn-nominalklassar, Diminutiv-nominalklassar ...

I tillegg til diminutiv og augmentativ eintal og fleirtal finst ei noko mindre vanleg diminutiv-pejorativ eintalsform, i dette tilfellet ndawaangum 'liten fillehund'. Væsker og massar førekjem i ei eiga diminutiv-form for små mengder, jamfør dihal 'litt vatn' til ndiyam 'vatn'. Av grunn-nominalklassane finst det kring 15 i eintal og 3 i fleirtal. Tala på nominalklassar varierer litt frå dialekt til dialekt. Eit substantiv førekjem i maksimalt éin eintals grunn-nominalklasse og éin fleirtals grunn-nominalklasse. Nokre substantiv, i fyrste rekkje lånord, har ikkje noko suffiks som viser kva eintals grunn-nominalklasse dei høyrer til, og det er nominalklassekongruensen ved adjektiv, partisipp, determinativ og pronomen som fortel kva eintals grunn-nominalklasse eit substantiv høyrer til.

Alle nominalklassane har ei relativt veldefinert prototypisk tyding; jamfør artikkelen Nominalklassesemantikk i fulfulde.

Adjektiv

For meir om dette emnet, sjå Adjektiv i fulfulde.

Adjektiva blir bøygde i alle nominalklassar. Adjektivet wuy- 'tjuvaktig' er vist i alle 24 former i tabellen FRAMLYDSVEKSLING i artikelen Framlydsveksling i fulfulde.

På fulfulde blir ikkje adjektiv gradbøygde. I staden nyttar ein verbet ɓura 'overgå' i ein konstruksjon som illustrert i dette dømet:

Nyiiwa ɓuran tireewa semmbe. 'Elefanten er sterkare enn sjiraffen', ord for ord «elefant overgår sjiraff [med omsyn til] styrke».

Verb

For meir om dette emnet, sjå Verbbøying i fulfulde og Verbavleiing i fulfulde.

Verbet på fulfulde blir bøygd i dei åtte grammatiske kategoriane i tabellen nedanfor. Til venstre står namna på dei grammatiske kategoriane og til høgre dei ulike grammatiske trekka i kvar kategori.

Meir informasjon Tal (numerus), Modus ...
Remove ads

Anna

Professor Rolf Theil utnemnde i 2008 fulfulde til det vakraste språket i verda.[4] Han meinte språket var nydeleg å høyre på og nemnte order mallimalloore 'hagl' som døme.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads