Ely
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ely er ein liten by i Cambridgeshire, England. Byen har kring 15 000 innbyggjarar. Han er hovudby i den tradisjonelle regionen Isle of Ely.
Byen vart grunnlagt i 673 av St. Ethelreda, dotter av kong Anna. Han vart bygd opp omkring eit kloster nord for landsbyen Cratendune på Elyøya, som ligg i elva Great Ouse. Byen var ei viktig hamn for elvetrafikken fram til 1700-talet.
Klostret vart øydelagt av danske vikingar i 870, og vart ikkje bygd opp att før hundre år seinare. Ely var ein av dei siste stadane i England som gjorde motstand mot Vilhelm Erobraren, og kapitulerte ikkje før i 1071. Elykatedralen vart starta av Vilhelm i 1083, og fullført i 1351. Ely bispedøme vart etablert etter at katedralen var starta, i 1109. Ved reformasjonen vart det eit anglikansk bispedøme, som i 1995 hadde ansvar for 610 000 medlemmar av kyrkja. I 1381 tok byen del i Bondeopprøret.
Oliver Cromwell budde i Ely i fleire år, etter at han arva stillinga som skatteinnkrevjar i 1636.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ely» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads