Emblingia calceoliflora
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Emblingia calceoliflora er den einaste arten i den monotypiske planteslekta Emblingia, som er den einaste slekta i familien Emblingiaceae i krossblomordenen (Brassicales). Planten kjem frå Vest-Australia, der han er endemisk. Planten er ikkje rekna som truga.[1]
Planten er ein fleirårig, krypande halvbusk med grove hår.[2] Enkle blad sit på stilkar. Blomane sit kvar for seg ved bladfeste og kan vera kvite, kremfarga, gule, grøne eller rosa. Planten blomstrar frå august til november.[3][4][5][1] Blomane er zygomorfe (har berre eitt symmetriplan) og heng opp ned. Dei har samanvaksne begerblad og to kronblad. Frøet har ei kjøtfull frøkappe.[2]
Remove ads
Taksonomi
Slekta og arten blei først skildra botanisk av Ferdinand von Mueller i 1861 I Fragmenta Phytographiae Australiae. Skildringa bygde på plantar sannka i Murchison i Vest-Australia av Pemberton Walcott og Augustus Frederick Oldfield.[6][7]
Plasseringa av slekta i ein familie har vore rekna som problematisk; ho har til ulike tider vore plassert i Capparaceae, Sapindaceae, Goodeniaceae og, i Cronquist-systemet, i Polygalaceae.[8] I 1965 laga Herbert Kenneth Airy Shaw familien Emblingiaceae for slekta, og denne familien er brukt for slekta i APG II, Dahlgren, Reveal, Stevens, Takhtajan og Thorne-systemet.[9] Molekylær analyse har bekrefta plasseringa av slekta i krossblomordenen (Brassicales).[8][10]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads