Emilia-Romagna
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Emilia-Romagna er ein av tjue regionar i Italia og har Bologna som hovudstad. Regionen har eit areal på 22 123 km² og om lag 4,4 millionar innbyggjarar. Det er den nest rikaste regionen i Italia og mattradisjonane her frå er godt kjend.
Remove ads
Geografi
Emilia-Romagna ligg nord i Italia og består av dei to historiske regionane Emilia og Romagna. Regionen ligg mellom Adriahavet i aust, elva Po i nord og Appenninane i sør.
Av andre regionar grensar Emilia-Romagna til Lombardia og Veneto i nord. og i sør til Toscana og Marche, samt republikken San Marino.

Emilia-Romagna er delt inn i ni provinsar:
Remove ads
Historie
Emilia-Romagna var ein del av områda til etruskarane før det vart erobra av romarane. Namnet på regionen har røter tilbake til romartida og Emilia refererer til via Æmilia, ein viktig romarveg frå Roma til dei nordlege delane av Italia. Romagna er ei omforming av Romània, då Ravenna var hovudstad i den italienske delen av Austromarriket, og langobardarane heldt fram med å nytte namnet på området rundt Ravenna. Kystområda av Emilia vart styrt av austromarriket frå 540 til 751. I mellomalderen følgjer historia til Emilia og Romagna historia til individuelle byar. På 1500-talet vart dei fleste av desse byane innlemma i Kyrkjestaten, men områda til Parma, Piacenza og Modena vart verande sjølvstendige fram til Emilia-Romagna vart ein del av Kongedømet Italia i 1859–1861.
Remove ads
Demografi
Byar i Emilia-Romagna med meir enn 50 000 innbyggjarar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads