Etruskarar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Etruskarane var eit folk som levde i det antikke Italia og Korsika frå 700-talet f.Kr. På fastlandet budde dei i Etruria i noverande Toscana og nordlege Latium. Dei snakka etruskisk, eit ikkje-indoeuropeisk språk som mogelegvis var skyld retisk og lemnisk, eller eit språkisolat.[1] Roma var truleg prega av etruskarar i byrjinga, og etruskisk kultur har derfor hatt stor påverknad på Romarriket og ettertida.


Det var romarane som kalla etruskarane Etrusci eller Tusci. Det attisk greske ordet for dei var Tyrrhēnioi (Τυρρήνιοι), noko som gav latinsk Tyrrhēni for etruskarane og Tyrrhēnum mare for havområdet no kjent som Det tyrrenske havet. Sjølv kalla folket seg rasenna, ifølge Dionysios frå Halikarnassos, I.30.3.
Etruskarane hadde si største utbreiing i førstetida til Roma og under det romerske kongedømet. Dei hadde tre byforbund: Av Etruria, av Podalen med dei austlege Alpane, og av Latium og Campania. Medan Roma låg i etruskisk område og opphavleg hadde mykje etruskisk kultur, blei etruskarane gradvis tekne opp i det italiske Roma i løpet av Den romerske republikken.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads