Emmer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Emmer
Remove ads

Emmer (Triticum dicoccum), òg kjent som farro spesielt i Italia, er ein kveitesort med lita avling, agna kveite. Emmer var ein av dei første artane som vart domestifisert i det nære Austen. Han var mykje dyrka i antikken, men er no berre dyrka i liten grad i fjellområda i Europa og Asia.

Kjappe fakta
Remove ads

Villemmer

Villemmer (Triticum dicoccoides) veks vilt i den fruktbare halvmånen i det nære Austen. Den er ein tetraploid kveitesort danna ved hybridisering av to ville diploide grasartar. Det eine er Triticum urartu som er i slekt med villeinkorn (T. boeoticum)), og den andre er ein hittil uindentifisert Aegilops-art som er i slekt med A. searsii eller A. speltoides.

Thumb
Dyrka emmer.

Morfologi

Som einkorn og spelt, er emmer ein skalkveite. Med andre ord, den har eit sterk skal (hams) som omgir kornkjernen, og eit halvsprøtt rachis. Ved tresking vil akset bli brote ned i enkeltkorn. Dette krev knusing eller slåing for å frigjere kornkjernen frå hamsen.

Villemmer sår seg sjølv ved at agna mekanisk skrur kornet ned i jorda. Om natta, når fuktigheita aukar, vil agna bli stiv og trekke seg saman, og i den prosessen vil det presse kornet ned i jorda. Om dagen avtar fuktigheita, og agna blir slakkare. Men fine silikahår på agnene verkar som krokar i jorda og hindrar kornet frå å gå attande. Ved hjelp av den skiftande luftfuktigheita mellom dag og natt vil pumperørslene i agna, som liknar på eit svømmande froskespark, bore kornet med agna ned eit par centimeter i jorda.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads