Empty Spaces
song av Pink Floyd From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Empty Spaces er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979.
Remove ads
Komposisjon
Songen er berre litt meir enn 2 minutt lang, men har ein introduksjon som varer om lag halvparten av songen. Han byggjer seg gradvis opp med meir og meir volum, og like før vokalen byrjar kan ein høyre ei gøymd melding, som er spela inn baklengs. Songen endar brått og går direkte inn i neste spor «Young Lust». På grunn av dette vert desse to songane ofte spelt i lag på radio.
Plott
Som dei andre songane på The Wall fortel «Empty Spaces» ein del av historia til hovudrolla Pink. Pink er no vaksen og gift, men han og kona har problem med forholdet sitt, sidan han stort sett er fjern. Dette kjem av at han no har bygd ein god del av muren rundt seg.
Andre versjonar
Både i filmutgåva og på konsertalbumet Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 vert ein lengre versjon av songen kalla «What Shall We Do Now?» brukt i staden for.
Gøymd melding
Like før tekstpartiet i songen kan ein høyre ei gøymd melding, og ein kan berre høyre ho i den venstre kanalen av songen. Meldinga er spelt inn baklengs og seier:
- Hello, looker... Congratulations. You've just discovered the secret message. Please send your answer to Old Pink, care of the Funny Farm, Chalfont...
- Roger! Carolyn's on the phone!
- Okay.[1][2]
Ein trur at denne baklengsmeldinga er ein komisk referanse til deira tidlegare frontfigur Syd Barrett. Roger Waters gratulerer deg for å funne meldinga, og spøkar med at du kan sende svaret ditt til «Old Pink» (Barrett), som bur ein stad i Chalfont («the funny farm»). Før han rekk å sei ferdig heile meldinga avbryt nokon han ved å sei at Carolyn (kona til Waters på den tida) er i telefonen.[3]
Remove ads
Medverkande
- David Gilmour – gitar, Prophet-5 og ARP Quadra synthesizer
- Nick Mason – trommer (berre på fullversjonen av songen, «What Shall We Do Now?»)
- Roger Waters – solovokal, bass, VCS3 synthesizer
- Richard Wright – piano
med:
- James Guthrie – ARP Quadra synthesizer[4]
Coverversjonar
- Songen vart spelt av Mushroomhead på albumet XX.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads