En passant
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
En passant (uttalt en passan, frå fransk «i forbifarten») er eit sjakktrekk der en bonde under visse høve kan slå ein annan utan å plassere seg på same feltet på bonden som vert slått. En passant, uttalt angpassan, vert òg bruka i daglegspråket om noko som skjer 'i forbifarten' eller 'med det same'.
En passant i sjakk
Ein sjakkspelar A kan slå en passant straks etter at den andre spelaren, B, har flytta ein av bøndene sine to felt fram og hamna rett ved sida av ein av A sine bønder. Om B berre hadde gått eitt felt framover, ville A kunne slått bonden på vanleg måte. En passant-regelen tillet spelaren å gjere dette mottrekket likevel, som om B berre hadde gått eitt felt fram. A må utføre en passant-trekket umiddelbart etter at B har flytta bonden to felt fram – dersom han gjer eit anna trekk, mistar han dette høvet.
En passant-regelen kom som ein følgje av at to-stegsregelen, som gjer at bonden kan opne med to steg, var meint for å få bøndene fortare i kamp, ikkje for at dei skulle kunne unngå kamp.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads