Engesund

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Engesund eller Engesundsøyo er ei øy i Fitjar kommune, vest for Fitjar sentrum ved den eldgamle skipsleia. Han var tidlegare ein gjestgjevarstad og kræmmerleie. I aust og sør grensar øya til Engesundsleia med Teløyno og Smedholmen på andre sida, i vest ligg Ivarsøy og i nord ligg Selbjørnsfjorden på andre sida av Dyrholmen. Stora Eldøy ligg søraust for Engesund.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Geografi

Øya har eit areal på 0,78 km² og langstrekt. Ho er kring 2,2 km lang og kring 600 meter på det breiaste. Det høgaste punktet ligg 33,5 meter over havet.

Historie

Garden er ikkje særskild gammal og vart rydda som eit plass under Ivarsøy av den første gjestgjevaren her på 1600-talet. I 1723 betalte plasset skatt som ein sjølvstendig gard.

På 1800-talet hadde garden eiga kvern og ein hage som berre kunne nyttast av dyra 12 veker av året. Garden fekk etter kvart tre husmannsplassar, Flatholmen, Gassen og Revet. Plassa gav noko inntekt av bygselpengar, årleg avgift og arbeidsplikt.

Garden Ivarsøy med Engesund var Allehelgensgods, men vart kjøpt av gjestgjevar Lars Madsen i 1670-åra. Seinare kom garden i brukarane si eige.

Handelen på Engesund vart lagt ned i 1974.

Remove ads

Folketalsutvikling

1801[1] 1900[2]
16 25

Namn

Namnet har alltid vorte skrive på same måte, og ein kjenner ikkje til opphavet til namnet.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads