Engminneblom

From Wikipedia, the free encyclopedia

Engminneblom
Remove ads

Engminneblom (Myosotis scorpioides ) er ei fleirårig plante i rubladfamilien. Ho har ei sirkumpolar utbreiing i den nordlege tempererte sona.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Thumb
Botanisk illustrasjon av engminneblom.

Planta har opprett vekst og kan bli opptil 70 cm høg. Ho har tett blomsterstand utan blad. Blomsteren er oftast 8-12 mm brei, stundom 4-5 mm. Knoppen er rosa medan blomsteren som regel er lyseblå når han er heilt open, med gule senter og kvite saftmerke. Kronrøyra når utom begerflikane.

Engminneblom blømer frå midten av våren til den første frosten i tempererte klima.[1][2]

Medan engminneblom opphavleg kjem frå Eurasia, veks planta også introdusert andre stader. Ho er utbreidd i Nord-Amerika, der ho nokre stader blir rekna som eit skadeleg ugras. Han finst i Noreg nord til Vesterålen, og også i Finnmark.

Engminneblom veks vanlegvis i våte og fuktige område, som i grøfter, myrer, vatn, bekkar og elver.[3] Planta føretrekk våt jord, men kan også veksa neddykt i vatn, og kan forma flytande øyer.[3]

Andre namn på engminneblom er bokmål «engforglemmegei»,[4] dansk eng-forglemmigej, svensk förgätmigej og engelsk water forget-me-not eller scorpion grass.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads