Enjoy Yourself

album av Kylie Minogue From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Enjoy Yourself er det andre albumet til den australske songaren Kylie Minogue, utgjeve av PWL den 9. oktober 1989. Albumet vart produsert og skrive av Stock Aitken Waterman, bortsett frå «Tears on My Pillow». Det er vorte notert at albumet er svært lik den føre utgjevinga til Minogue, Kylie. Albumet fekk blanda meldingar frå kritikarar.

Meir informasjon Kritikk, Kylie Minogue-kronologi ...
Remove ads

Innspeling

Etter den kommersielle suksessen med debutalbumet Kylie i 1988 byrja Minogue innspelinga av det neste albumet med produsentane Stock Aitken Waterman på PWL Studios i London i februar 1989. Innspelinga òg fann stad i april og juli 1989 med coverversjonen av «Tears on My Pillow» som var ein av dei siste songane som vart spelt inn til albumet.

Listeplasseringar og sal

Enjoy Yourself nådde fyrsteplassen i Storbritannia på UK Albums Chart og vart sertifisert til platina to gonger etter sal på over 600 000 eksemplar. Albumet selde over ein million eksemplar i løpet av dei ti første vekene etter utgjevinga, og nådde grensa for kvadrupelplatina den 1. januar 1990. Albumet nådde niandeplassen i Australia og vart sertifisert til platina for utgjevinga. Albumet har selt over fem millionar eksemplar på verdsbasis.

Albumet nådde òg fyrsteplass i Hongkong og Irland, og nådde Top 10 i Belgia, Danmark, Hellas og Japan. I Nord-Amerika fekk albumet avgrensa promosjon, og nådde ikkje dei fleste albumlistene. Albumet nådde òg sjetteplassen i New Zealand, 16. plassen i Spania den 9. desember 1989 og var på hitlistene for nitti veker. Albumet vart seinare sertifisert gull i landet.

Remove ads

Singlar

Den fyrste singelen «Hand on Your Heart» nådde fyrsteplassen på den britiske hitlista og fjerdeplassen på den australske hitlista. Den andre singelen «Wouldn't Change a Thing» debuterte som andreplassen i Storbritannia. Den tredje singelen, «Never Too Late», vart den åttande singelen av Minogue på rad som hamna på dei britiske hitlistene. Han vart nummer fire og selde over 200 000 eksemplar. Den fjerde singelen «Tears on My Pillow» vart spelt inn for filmen The Delinquents og er ein coverversjon. Songen gjekk inn som andreplassen på hitlista i Storbritannia og nådde fyrsteplass veka etter.

Sporliste

Alle songar er skrivne og produsert av Stock Aitken Waterman, bortsett frå der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Topplisteplasseringar

Meir informasjon Toppliste (1989), Listeplassering ...
Remove ads

Sertifiseringar

Meir informasjon Land, Sertifisering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads