Enki

From Wikipedia, the free encyclopedia

Enki
Remove ads

Enki (sumerisk dEN.KI(G)) er ein gud i sumerisk mytologi som seinare blei kjend som Ea i akkadisk og babylonsk mytologi. Han var opphavleg ein vernar for byen Eridu, men innverknaden frå kulten hans spreidde seg over heile Mesopotamia og til kanaanittane, hettittane, hurrittane og andre kulturfolk i Midtausten og Levanten. Han blei sett på som ein skapargud, særleg ein gud for handverk (gašam); ugagn; vatn, havvatn, ferskvatn (a, aba, ab), intelligens (gestú, bokstaveleg «øyre»), fruktbarheit, sæd, magi og skapinga (Nudimmud: nu, likskap, dim mud, brygga øl). Han var assosiert med dei sørlege banda av stjernebildet kalla Eas stjerne, men også med stjernebildet AŠ-IKU (Pegasus).[1] Ved byrjinga av det andre tusenåret f.Kr. blei han tidvis referert til i skrivinga av det numeriske ideogrammet for «40», tidvis referert til som hans «heilage nummer».[2][3] Planeten Merkur, som er knytt til den babylonske Nebo (son av Marduk) blei i sumersk tid identifisert med Enki.

Kjappe fakta Identifisert med, Ektefelle ...

Det er samla eit stort tal myter om Enki frå mange stader, frå sørlege Irak til kysten av Midtausten. Han opptrer i dei eldste bevarte kileskriftinskripsjonane over heile regionen og var framtredande frå tredje millennium f.Kr. og fram til hellenistisk tid.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads