Epping

From Wikipedia, the free encyclopedia

Epping
Remove ads

Epping er ein marknadsby og eit verdsleg sokn i Essex i England. Byen er administrasjonssenter for distriktet Epping Forest.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...
Remove ads

Geografi

Byen ligg omkring 27 km nordaust for sentrum av London, i den nordlege delen av Epping Forest. Han ligg på ein rygg mellom elvane Roding og Lee.

Dei fleste av dei omkring 11 000 innbyggjarane (folketeljing 2001) bur i nærleiken av hovudvegen B1393 og Epping stasjon. Omkring tusen menneske bur i landsbyen Coopersale, som er ein del av det verdslege soknet. Dei vert derfor tald med blant innbyggjarane til byen, sjølv om det ligg eit skogområde mellom sjølve Epping og Coopersale.

Byen ligg nord for krysset mellom M11 og M25 ved Theydon Gardon, og nær kryss 26 på M25 og kryss 7 på M11.

Remove ads

Kultur

Fotballklubben Epping Town FC vart nedlagt i 1984.

Samband til Tyskland

Epping er kjent i Tyskland frå fleire lærebøker i engelsk, der han er heimbyen til dei fiktive personane Peter, David, Betty og Helga. Han er venskapsby med Eppingen i Baden-Württemberg.

Sjå òg

  • North Weald

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads